Stad kommune

Ledige stillingar

Sjukepleiarar ved Interkommunale helsetenester

Interkommunale helsetenester i Nordfjord omfattar Nordfjord legevakt/legevaktformidling, kreftkoordinator og Øyeblikkeleg hjelp døgnopphald (ØHD). Tenestene er organiserte som eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Stryn, Hornindal, Stad (Eid og Selje) og Vågsøy og vert drive av Eid/Stad kommune. Arbeidsstad er Nordfjord sjukehus.

Interkommunale helsetenester i Nordfjord har no ledig :

  • 92 % vikariat som sjukepleiar frå 03.02.2020 - medio august 2020. Stillinga er turnusarbeid med helgevakt, per no langhelg to av sju helgar.
  • 92% vikariat som sjukepleiar frå mai 2020 til våren 2021
  • 3 faste helgastillingar som sjukepleiar

Stillingane kan delast om ein ønsker mindre stillingsprosent, men Eid kommune ønskjer primært å tilby heile/store stillingar.

Arbeidsoppgåver

Sjukepleiarane ved dei interkommunale tenestene/ØHD arbeider i team og tett opp mot lege i vakt. Som sjukepleiar har ein mange spennande og utfordrande oppgåver og arbeider både på sengepost og med legevaktformidling. Nordfjord legevakt er bemanna av fastlegane i Nordfjord. ØHD har også ansvar for å gje eit akutt-tilbod til pasientar med rusutfordringar og psykisk sjukdom. Det er derfor ein fordel med interesse og erfaring frå dette fagfeltet.

I stillingane vil det vere viktig å samarbeide godt med fastlegane i Nordfjord og leiinga ved interkommunale tenester.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer offentleg godkjend sjukepleiar med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid og rus eller vidareutdanning i akuttsjukepleie og erfaring frå akuttmedisin. Sjukepleiarstudentar og ambulansearbeidarar kan også søkje på helgastillingane.

  • evne til å arbeide tverrfagleg og i team samstundes som ein er sjølvstendig
  • positiv haldning og gode kommunikasjonsevner
  • evne til å takle press frå ulike hald og samtidskonflikter
  • gode datakunnskapar og kjennskap til EPJ-system
  • evne til å gi råd og ta avgjerder ut frå Norsk index for medisinsk nødhjelp
  • gode personlege eigenskapar
  • god formidlingsevne munnleg og skriftleg

Vi kan tilby

  • spennande arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø
  • løn- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • dagarbeidstid og turnusarbeid med langvakter to av sju helgar

 For meir informasjon, ta kontakt med Grete Aud Totland, tlf. 958 19 005, e-post: grete.aud.totland@eid.kommune.no

Vi ber om at du søkjer elektronisk via lenkje i denne annonsen. Vi ber også om at relevante vitnemål og arbeidsattestar vert lasta opp saman med søknaden samt referansar. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månadar prøvetid. 

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentleg sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmodinga må grunngjevast. 

Søknadsfrist er 24.11.2019

Del på:
Fylke:
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
24.11.2019
Tiltreding:
2020
Arbeidsstad:
Nordfjord sjukehus
Kontaktpersonar:
Grete Aud Totland
mob: 958 19 005
Tilbake til toppen