Stad kommune

Ledige stillingar

Vernepleiarar og fagarbeidarar i Bu- og miljøtenesta

 

Stad kommune har ledige stillingar som for tida er plassert i Selje og på Stadlandet. Tenestene har heildøgns drift og består av omsorgsbustadar for unge vaksne på Stadlandet og i Selje, og ein avlastningsbustad for born/unge på Stadlandet med drift hovudsakleg på helg. Brukargruppa er samansett av personar med ulike funksjonsutfordringar, alder og livssituasjon.

 Vi har ledige følgjande stillingar:

  • 3 faste stillingar som vernepleiarar, totalt 280% (inkl. 20% frie timar)
  • 1 vikariat som vernepleiar i 80% til august 2020 - kan bli forlenga (inkl. 20% frie timar)
  • Faste helgestillingar

Arbeidsoppgåver

  • Vernepleiar har rolle som koordinator ovanfor tenestemottakarane
  • Ansvar for å planlegge, legge til rette og gjennomføre metodisk og målretta miljøterapeutisk arbeid som del av eit kollegium av miljøpersonale
  • Tverrfagleg samarbeid med andre kommunale tenester
  • Planlegge, iverksette og følgje opp ulike tiltak
  • Medverke til å utvikle planar, rutiner og prosedyrar
  • Sikre at arbeidet vert utført i samsvar med lovverk, forskrift, prosedyrar, instruksar og etiske/faglege prinsipp

Kvalifikasjonar

  • Vernepleiarutdanning
  • Andre med relevant helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning
  • Helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar/studentar vert oppmoda om å søkje på ledige helgestillingar (realkompetanse kan vurderast å kompensere for manglande utdanning).

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Evne til å etablere god samhandling med fokus på ro, tryggleik og funksjonell kommunikasjon
  • Evne til å handtere utfordrande åtferd over tid
  • Gode samarbeidsevner
  • Kjennskap til lovverk om bruk av tvang/makt (HOL kap. 9)
  • God fagleg haldning
  • Er ansvarsfull og har genuin interesse for menneske
  • Trivast med å arbeide saman med andre mot eit felles mål

Vi kan tilby

  • Løn etter kommunale vilkår i samsvar med utdanning og erfaring
  • Ein framtidsretta arbeidsplass med fokus på fagleg utvikling og meistring
  • Engasjerte og fagleg dyktige kollegaer
  • Godt og nært fagleg miljø
  • Ei avdeling med fagleg fokus og utfordningar
  • Årsarabeidsplan, med moglegheit for lange vakter og å komme med ynskjer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Stad kommune har 6 månadar prøvetid. For meir informasjon om stillingane, ta kontakt med einingsleiar Katrine Holvik Skinlo, tlf. 975 31 483. Du kan også ta kontakt med assisterande einingsleiar Liv Wenche Sjøtun på tlf. 979 90 469 eller fagleiar Wanja Lien på tlf. 489 91 515.

 Du søkjer elektronisk via lenkje i denne annonsen. Vi ber om at relevante vitnemål, arbeidsattestar og referansar vert lasta opp saman med søknaden. Polititattest skal leggast fram før start i stillinga.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.

Vi gjer merksam på at etter § 25 i Off.lova kan opplysningar om søkjaren blir gjort offentleg sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

 

Søknadsfrist: 25.11.19

 

Del på:
Fylke:
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
25.11.2019
Tiltreding:
09.12.2019
Arbeidsstad:
Selje/Stadlandet
Kontaktpersonar:
Katrine Holvik Skinlo
mob: 97531483
Tilbake til toppen