Stad kommune

Ledige helgestillingar

Helgestillingar ved Seljetunet omsorg og rehabilitering

Stad kommune har fleire ledige faste helgestillingar som for tida er plassert ved Seljetunet omsorg og rehabilitering. Arbeidet er kvar 3. helg, med høve til å arbeide oftare etter avtale med avdelingsleiar. Seljetunet omsorg og rehabilitering har 32 plassar fordelt på fire avdelingar.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre direkte pasientretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav
  • Delta i dei praktiske arbeidsoppgåvene i avdelinga
  • Oppfølging og dokumentasjon etter gjeldande krav til kvalitet, lovverk og kommunale retningslinjer
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Rettleie og informere pasientar, pårørande og studentar/lærlingar

Kvalifikasjonar

  • Ønskeleg med autorisasjon som helsefagarbeidar, sjukepleiar eller vernepleiar
  • Vi oppmodar også sjukepleiestudentar eller vernepleiestudentar om å søkje. Andre utan slik utdanning vert også vurderte.
  • God organisasjon- og systemforståing
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Har god samarbeidsevne
  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er sjølvstendig, tek initiativ og ansvar

Vi kan tilby

  • Løn etter kommunale vilkår i samsvar med utdanning og erfaring
  • God pensjons- og forsikringsvilkår
  • Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer

Stad kommune har 6 månadar prøvetid.

For meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med einingsleiar Linn Vaksdal på tlf.960 02 282. Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lagt ved søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Du søkjer ved å bruke lenkje du finn i denne annonsen. 

Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Søknadsfristen er 19.11.2019.

Del på:
Fylke:
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
19.11.2019
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Selje
Kontaktpersonar:
Linn Vaksdal
mob: +47 960 02 282
Tilbake til toppen