Stad kommune

Ledige helgestillingar

Helgestillingar i Heimetenesta

Stad kommune treng fleire hender i Heimetenesta. Vi har no har fleire ledige helgestillingar både på Nordfjordeid, i Selje og på Stadtlandet.

Arbeidet er kvar 3. helg, med høve for å arbeide oftare etter avtale med leiar. 

Arbeidsoppgåver:

  • Utføre direkte pasientretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav
  • Delta i dei praktiske arbeidsoppgåvene i eininga
  • Oppfølging og dokumentasjon etter gjeldande krav til kvalitet, lovverk og kommunale retningslinjer
  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar:

  • Ønskeleg med autorisasjon som helsefagarbeidar, sjukepleiar eller vernepleiar
  • Vi oppmodar også sjukepleiestudentar eller vernepleiestudentar om å søkje. Andre utan slik utdanning vert også vurderte.
  • God organisasjon- og systemforståing
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Har gode samarbeidsevner
  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Tar initiativ og ansvar
  • Arbeider sjølvstendig

Vi kan tilby:

  • Løn etter kommunale vilkår i samsvar med utdanning og erfaring
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer

Stad kommune har 6 månadar prøvetid.

Du bør ha førarkort og kunne disponere bil ved stillingar i Heimetenesta, men vi oppfordrar alle til å søkje. Avklaring om førarkort vert teke i intervju.

For meir informasjon om stillingane ta gjerne kontakt med einingsleiar Anne-Iren Naustdal på tlf. 924 12 748 eller med kontaktpersonane nedanfor:

  • Heimetenesta Eid, fagleiar Anne Dybedal Berteig, tlf. 989 00 561
  • Fossevegen bufellesskap, fagleiar Sonja Edvardsen, tlf. 970 75 751
  • Heimetenesta Selje/Stadtlandet og Stadlandet eldretun, fagleiar Sabine Ben Boukara, tlf. 905 63 047

Vi ber om at du skriv i søknaden kvar du kan tenke deg å arbeide.

Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lagt ved søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Du søkjer ved å bruke lenkje du finn i denne annonsen. 

Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Søknadsfristen er 19.11.2019

Del på:
Fylke:
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
19.11.2019
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Nordfjordeid/Selje/Stadtlandet
Kontaktpersonar:
Anne Iren Naustdal
mob: 92412748
Tilbake til toppen