Stad kommune

Ledige stillingar

Sjukepleiarar i Heimetenesta

Stad kommune treng fleire offentleg godkjende sjukepleiarar. Arbeidsstad er for tida Heimetenesta i Selje og på Stadlandet, og stillingane er i tredelt turnus. Heimetenesta har årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet i forhold til arbeidstid. 

Vi har no ledig:

  • Inntil 180 % fast stilling som sjukepleiar (inkl. 10% frie timar) frå snarast.
  • 80 % vikariat som sjukepleiar (inkl. 10% frie timar) frå snarast og ca eitt år.

Arbeidsoppgåver:

  • Ivareta sjukepleiefaglege oppgåver
  • Pleie, omsorg og behandling av tenestemottakar
  • Oppfølging og dokumentasjon etter gjeldande krav til kvalitet, lovverk og kommunale retningslinjer
  • God organisasjons- og systemforståing
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Rettleiing for studentar/lærlingar og andre
  • Medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar:

  • Offentleg godkjend sjukepleiar
  • For vikariatet kan helsefagarbeidarar og ufaglærte med relevant erfaring også søkje
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Aktuelle kandidatar må ha førarkort og kunne disponere bil

Personlege eigenskapar:

  • Har gode kommunikasjonsevner
  • Har respekt og interesse for kvar enkelt tenestemottakar
  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel og engasjert i forbetringsarbeid 
  • Tek initiativ og ansvar
  • Arbeider sjølvstendig og har gode samarbeidsevner

Vi kan tilby:

  • Tverrfagleg samarbeid
  • Godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling, tilrettelegging for vidareutdanning
  • Lønn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Stad kommune har prøvetid på 6 månadar.

Ønskjer du å vite meir om stillingane, ta gjerne kontakt med einingsleiar Anne Iren Naustdal på tlf. 924 12 748 eller fagleiar Sabine Ben Boukara på tlf. 905 63 047.

Du søkjer elektronisk via lenkje i denne annonsen. Vi ber også om at relevante vitnemål og arbeidsattestar samt referansar vert lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentleg sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmodinga må grunngjevast.

Søknadsfrist er 19.11.2019.

 

Del på:
Fylke:
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
19.11.2019
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Selje/Stadtlandet
Kontaktpersonar:
Anne Iren Naustdal
mob: 92412748
Tilbake til toppen