Stad kommune

Ledige helgestillingar

Helgestillingar i Bu- og miljøtenesta

Stad kommune teng fleire hender i Bu- og miljøtenesta. Vi har no fleire ledige helgastillingar ved tenestestader på Nordfjordeid og i Selje. Arbeidet er kvar 3. helg, med høve til å arbeide oftare etter avtale med leiar. 

Arbeidsoppgåver:

  • Utføre direkte pasientretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav
  • Delta i dei praktiske arbeidsoppgåvene
  • Oppfølging og dokumentasjon etter gjeldande krav til kvalitet, lovverk og kommunale retningslinjer
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Rettleie og informere pasientar og pårørande

Kvalifikasjonar:

  • Ønskeleg med autorisasjon som helsefagarbeidar, sjukepleiar eller vernepleiar
  • Vi oppmodar også sjukepleiestudentar eller vernepleiestudentar om å søkje. Andre utan slik utdanning vert også vurderte.
  • Likar å jobbe med menneske
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Tar initiativ og ansvar
  • Arbeider sjølvstendig og har gode samarbeidsevner

Vi kan tilby:

  • Løn etter kommunale vilkår i samsvar med utdanning og erfaring
  • God pensjons- og forsikringsvilkår
  • Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer

Stad kommune har 6 månadar prøvetid.

For meir informasjon om stillingane, ta kontakt med assisterande einingsleiar Anne Terese Eikeland, tlf. 400 35 058. Du kan også ta kontakt med fagleiarane ved dei ulike tenestestadane:

  • Teneste for funksjonshemma, Nordfjordeid, fagleiar Yuliya Eimhjellen, tlf. 915 95 396.
  • Psykisk helse og rus, Nordfjordeid, fagleiar Marie Bakke, tlf. 400 22 692
  • Teneste for funksjonshemma, Selje, assisterande einingsleiar Liv Wenche Sjøthun, tlf. 979 90 469 eller fagleiar Wanja Lien, tlf. 489 91 515.

 Vi ber om at du spesifiserer nærare i søknaden kvar du ønskjer å arbeide.

Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lagt ved søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Du søkjer ved å bruke lenkje du finn i denne annonsen. 

Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Søknadsfristen er 19.11.2019.

Del på:
Fylke:
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
19.11.2019
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Nordfjordeid/Selje
Kontaktpersonar:
Anne Terese Eikeland
mob: 400 35 058
Tilbake til toppen