Stad kommune

Engasjement

Fysioterapeut i Selje

 

Eid og Selje kommunar slår seg saman til Stad kommune frå 01.01.2020. Eining for helse organiserer legekontor, psykolog, helsestasjon, fysioterapi og ergoterapi i den nye kommunen. Eitt viktig satsingsområde er habilitering og kvardagsrehabilitering.

Kommunen har no ledig 100% engasjement som kommunal fysioterapeut frå 01.01.2020 og om lag eitt år.

Arbeidsoppgåver:

  • Systematisere arbeidet med kvardagsrehabilitering i heimane og i institusjon
  • Lære opp tilsette i heimeteneste og i institusjon
  • Arbeide for at brukarane skal bli mindre avhengige av hjelp
  • Arbeide for at brukarane tek meir initiativ til kvardagsaktivitetar
  • Arbeide saman med eit team av fysioterapeutar og ergoterapeutar i Stad kommune

 Kvalifikasjonar:

  • Utdanning som fysioterapeut
  • Er systematisk, strukturert og har evne til å planlegge
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Flink til å lære frå seg og motivere
  • Har gode idear og ser løysingar 

 Vi kan tilby:

  • Ein sjølvstendig og utfordrande jobb
  • Flinke kollegaer og godt fagleg miljø
  • Høve til å utgjere ein skilnad
  • Løn etter tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kommunen har 6 månader prøvetid.

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med einingsleiar helse i Stad kommune, Linda Gotteberg på tlf. 416 94 203 eller kommunalsjef for helse og omsorg i Selje, Ragna Haaland på tlf. 906 01 218. 

 Du søkjer elektronisk via lenkje i denne annonsen. Vi ber også om at relevante vitnemål og arbeidsattestar samt referansar vert lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.

 Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentleg sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmodinga må grunngjevast.

 

Søknadsfrist er 17.11.2019.

 

 

Del på:
Fylke:
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Engasjement
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
17.11.2019
Tiltreding:
01.01.2020
Arbeidsstad:
Selje
Kontaktpersonar:
Linda Gotteberg
mob: 416 94 203
Tilbake til toppen