Stad kommune

Ledige stillingar

Miljøterapeutar/sjukepleiar/vernepleiar i Bu- og miljøtenesta

Stad kommune har fleire ledige stillingar som miljøterapeutar, vernepleiarar og sjukepleiarar i Bu- og miljøtenesta.

Bu- og miljøtenesta er ei teneste som er stadig i utvikling. Tenesta har fleire tenestestadar med heildøgnsdrift og oppfølging av heimebuande brukarar. Brukargruppa er samansett av menneske med ulike funksjonsnedsettingar i ulik alder og livssituasjon. Det overordna målet for Bu- og miljøtenesta er å bidra til at tenestemottakarane oppnår høgast mogleg grad av livskvalitet.

Frå 01.01.2020 vert Eid og Selje kommunar slått saman til Stad kommune. Bu- og miljøtenesta vert organisert som ei eining i kommunen. Tenestestadane på Nordfjordeid har no fleire ledige stillingar.

Vi har ledig

  • 2 x 90% faste stillingar som miljøterapeut (inkl 20 % frie timar) frå snarast i tenesta for funksjonshemma i turnus med 2:1-bemanning. Stillingane er for tida organiserte som langvakter med i snitt arbeid kvar 3. og kvar 4. helg. Det vert vurdert  å etablere arbeidstidsordning etter medleverprinsippet med oppstart 09.12.2019.
  • 85% fast (inkl 20% frie timar) stilling som miljøterapeut innanfor psykisk helse og rus tilknytt eit tilrettelagd bustadtilbod frå 09.12.2019.
  • 80% fast stilling (inkl 20% frie timar) som miljøterapeut i tenesta for funksjonshemma. Den som vert tilsett bør ha røynsle innanfor barne- og ungdomsavlasting.
  • 90 % fast stilling (inkl. 20 % frie timar) som sjukepleiar/vernepleiar i tenesta for funksjonshemma. Det er nødvendig med medisinkompetanse.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for å planlegge, legge til rette og gjennomføre metodisk og målretta miljøterapeutisk arbeid som del av eit kollegium av miljøpersonale
  • Tverrfagleg samarbeid med andre kommunale tenester
  • Planlegge, organisere og følgje opp ulike tiltak
  • Medverke til å utvikle planar, rutinar og prosedyrar
  • Sikre at arbeidet vert utført i samsvar med lovverk, forskrift, prosedyrar, instruksar og etiske/faglege prinsipp

Kvalifikasjonar

  • Vernepleierutdanning eller sjukepleiarutdanning. Andre med relevant treårig helse- og sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på høgskolenivå kan også søkje. Helsefagarbeidar eller ufaglærte med erfaring kan vere aktuelle og vil bli vurderte.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagd. Vi ønskjer fleire menn i tenesta. Menn vert derfor særleg oppfordra til å søkje.
  • Relevant arbeidserfaring
  • Evne til å etablere god samhandling med fokus på ro, tryggleik og funksjonell kommunikasjon
  • Gode samarbeidsevner, kjennskap til lovverket om bruk av tvang/makt
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skrifteleg og munnleg 
  • Er ansvarsfull og har genuin interesse for menneske

  Vi kan tilby:

  • Godt og nært fagleg samarbeid
  • Høve til fagleg utvikling
  • Årsarbeidsplan, med høve til å arbeide lange vakter og til å kome med ønske
  • Mogleg arbeidstidsordning etter medleverprinsippet frå desember 2019
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
  • God pensjons- og forsikringsordning

Kommunen har 6 månader prøvetid.

For meir informasjon om stillingane, ta kontakt med einingsleiar Katrine Holvik Skinlo på tlf. 975 31 483 eller assisterande einingsleiar Anne Terese Eikeland, tlf. 400 45 058. Du kan også ta kontakt med fagleiarane ved dei ulike tenestestadane:

  • Tenesta for funksjonshemma med 2:1-bemanning, fagleiar Svenn Morten Eikeset tlf. 400 38 990.
  • Psykisk helse og rus, fagleiar Marie Bakke tlf.400 22 692.
  • Tenesta for funksjonshemma, fagleiar Yuliya Eimhjellen tlf. 915 95 396.

 Vi ber om at du presiserer i søknaden kvar du kan tenke deg å arbeide.

Du søkjer elektronisk via lenkje i denne annonsen. Vi ber også om at relevante vitnemål og arbeidsattestar samt referansar vert lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentleg sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmodinga må grunngjevast.

Søknadsfrist er 19.11.2019.

Del på:
Fylke:
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
19.11.2019
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Nordfjordeid
Kontaktpersonar:
Anne Terese Eikeland
mob: 400 35 058
Tilbake til toppen