Eid kommune Helse og omsorg

Ledig stilling

Fastlegeheimel i Stad kommune

Kommunane Selje og Eid skal slå seg saman til Stad kommune frå 01.01.2020. Den nye kommunen vil ha 9.500 innbyggjarar. Stad kommune ligg lengst nord i nye Vestland fylke. Innanfor ein times reiseavstand finn du ein bu-, arbeids-, og serviceregion med 40.000 - 50.000 menneske.

Stad kommune har no ledig fastlegeheimel frå 01.01.20.

Fastlege ved Selje helsesenter:

Listestorleik for heimelen er 800 pasientar. For tida er det 650 pasientar på lista. Fastlegen vil arbeide som sjølvstendig næringsdrivande. Til stillinga kan tilpliktast 7,5 timar offentleg legearbeid per veke.

Om legetenesta i kommunen:

  • Selje helsesenter ligg i Selje sentrum. Ved kontoret er det 3 fastlegeheimlar. 3-delt legevakt ved eige kontor frå kl 08-16 på kvardagar.
  • Selje legekontor er veldrive med erfarent hjelpepersonell og godt arbeidsmiljø. Vi har eit godt fungerande journalverktøy av typen Infodoc Plenario.
  • Kommunen eig og driftar begge legekontora i Stad, og legane leiger lokale og hjelpepersonell av kommunen. Gode økonomiske vilkår.
  • Kveldsvakter (kl 16-23), nattevakter (kl 23-08) og helgevakter (kl 08-17 og kl 14-23) ved Nordfjord legevakt, ei interkommunal legevakt for ca. 23.000 innbyggjarar. Denne vaktordninga er om lag 20-delt. Legevakta har lokale ved Nordfjord sjukehus som har indremedisinsk akuttberedskap, fullverdig røntgenavdeling og ortopedisk poliklinikk. Det er også anestesilege i vakt ved sjukehuset og jordmor i vakt for evt. følgjeteneste til Volda/Førde.
  • Vi kan tilby god rettleiing og trygge rammer for arbeid i allmennpraksis.
  • Legetenesta i Stad kommune er organisert i Helseavdelinga. Kommunen har kommuneoverlege i 50% stilling. Kommunen deltek for tida i nasjonale pilotprosjekt om primærhelseteam og medisinsk avstandsoppfølging.

 Kvalifikasjonar:

  • Lege med spesialistutdanning i allmennmedisin eller med plan om slik spesialisering
  • Norsk autorisasjon
  • For søkjarar med anna utdanning enn norsk krevst dokumenterte språkkunnskapar tilsvarande nivå B2. Dette gjeld ikkje skandinaviske søkjarar
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar:

  • Engasjement og interesse for allmennmedisin
  • Pasientorientert, systematisk og påliteleg arbeidsstil
  • Interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid
  • God evne til samarbeid og kommunikasjon
  • God samfunnskunnskap/-forståing

Kommunen er open for å tilpasse stillingane etter søkjarane sine behov, og kan tilby omgjering frå privat fastlegepraksis med driftsavtale til fastlønstilling(ar) eller ein kombinasjona av næringsdrift og fastløn.

Ønskjer du å vite meir om stillingane, kan du ta kontakt med einingsleiar for Helseavdelinga, Linda Gotteberg, på tlf. 416 94 203 eller kommuneoverlege, Thomas Vingen Vedeld, på tlf 970 04 492.

Du søkjer elektronisk via lenkje i denne annonsen. Vi ber også om at relevante vitnemål, arbeidsattestar og referansar vert lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leggjast fram før oppstart i stillinga.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmodinga må grunngjevast.

Søknadsfrist er 03.11.2019.

Del på:
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Skift/turnus
Søknadsfrist:
03.11.2019
Tiltreding:
01.01.2020
Arbeidsstad:
Selje
Kontaktpersonar:
Linda Gotteberg
mob: 416 94 203
Tilbake til toppen