Eid kommune Oppvekst og kultur

Ledig fast stilling

Sosialpedagogisk rådgjevar ved Nordfjordeid skule

Born og unge i Eid skal få nytte og utvikle evnene sine i ein trygg oppvekst med rom for alle. Born og unge i Eid skal bli sjølvstendige menneske med god fysisk og psykisk helse. Eid kommune skal hjelpe born og unge å meistre viktige utviklingsoppgåver, både fysisk, sosialt og kognitivt.

Nordfjordeid skule ligg i sentrum av Nordfjordeid. Elevane kjem frå sentrum og frå bygdene Lote, Hennebygda, Hundeide, Sørland og Torheim. Skulen har om lag 340 elevar i 1.-7. klasse, 14 klasser og 50 tilsette. Skulen har også SFO-tilbod.

Nordfjordeid skule har no ledig ei 100% fast stilling som sosialpedagogisk rådgjevar frå 01.08.2019.

Arbeidsoppgåver:

  • Vere ein del av utvida administrasjon
  • Gi rettleiing til tilsette og foreldre
  • Kartlegge utfordringar og utforme mål og tiltak
  • Organisere trivselsfremjande aktivitetar   
  • Samarbeide med andre instansar
  • Praksisrettleiar for studentar innan tverrfagleg psykisk helse
  • Vere med å bygge opp den sosialpedagogiske kompetansen i nye Stad kommune

Kvalifikasjonar:

  • Høgskuleutdanning med vidareutdanning i psykisk helsearbeid
  • Relevant høgare utdanning
  • Positiv og fleksibel
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne og vilje til å arbeide i team
  • Er sjølvstendig og systematisk
  • Har god rolleforståing
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø 

Vi kan tilby:

  • Godt og nært fagleg samarbeid
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Eid kommune har 6 månader prøvetid.

Frå 01.01.2020 vert Selje og Eid kommune slått saman til Stad kommune. Tilsette i begge kommunane vil bli overførte til den nye kommunen frå denne dato. For meir informasjon om Stad kommune sjå www.stad2020.no.

Du søkjer ved å bruke lenkje i denne annonsen. Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lasta opp og sendt inn saman med søknaden. Politiattest skal leggast fram ved tilsetjing.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentleg sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Søknadsfrist er 29.04.2019

Del på:
Fylke:
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
29.04.2019
Tiltreding:
01.08.2019
Kontaktpersonar:
Anne-Grete Eikås
tlf: +47 578 63 420
Tilbake til toppen