Eid kommune Helse og omsorg

Ledig stilling

Helsesjukepleiar ved Eid helsestasjon

Eid kommune har ledig 100 % fast stilling som helsesjukepleiar frå 01.03.2019.

Ved intern tilsetjing vil det bli ledig 100 % prosjektstilling som helsesjukepleiar frå 01.03.19 til 31.12.19 med moglegheit for forlenging. Tiltaket er generell styrking av helsestasjon og skulehelsetenesta.

Helsestasjonen er ein del av helseavdelinga og har felles avdelingsleiar med legekontoret og fysio- og ergoterapiavdelinga. Tenesta på Eid har 3,8 helsesjukepleiarstilling fast og 1,8 stilling i prosjekt.

Eid og Selje kommunar skal slå seg saman til Stad kommune frå 01. januar 2020. Kommunane arbeider med å samordne tenester og slå saman einingar. Det vert oppretta ei felles helsestasjonsteneste for Stad kommune organisert under einingsleiar for helse i Stad kommune. Helsestasjonstenesta vil ha ansvar for god og forsvarleg drift i heile kommuna.

Kompetansekrav:

  • Helsesjukepleiarutdanning
  • Sjukepleiar vil verte vurderte, evt med relevant vidareutdanning
  • Førarkort klasse B

Tenesta arbeider med helsefremmande og førebyggande arbeid.

Arbeidsoppgåvene er varierande og utfordrande, blant anna helseopplysning, veiledning, helseundersøking, vaksinasjon, koordinatoransvar, oppfølging av nyfødde, barn og unge med spesielle behov, oppfølging av foreldre med behov for utvida støtte, tverrfagleg samarbeid, undervisning og gruppeverksemd.

Vi kan tilby:

  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi ønskjer helsesjukepleiar som er motivert, er positiv til og bidrar i utviklingsarbeid, arbeider sjølvstendig, har gode samarbeidsevner og har fokus på tidleg innsats. 

Helsestasjonen disponerer ein bil ilag med fysio- og ergoterapiavdelinga, men det er og behov for bruk av privatbil.

Eid kommune har 6 månadar prøvetid.

For nærare opplysningar, ta kontakt med avdelingsleiar Linda Gotteberg på tlf. 416 94 203 eller fagleiar Britt Tomasgård på tlf. 951 28 538.

Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lagt ved søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Du søkjer ved å bruke lenkje du finn i denne annonsen. 

Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.


Søknadsfristen er 27.01.2019.

 

 

Del på:
Fylke:
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
27.01.2019
Tiltreding:
01.03.2019
Arbeidsstad:
Eid kommune
Kontaktpersonar:
Linda Gotteberg
mob: 416 94 203
Tilbake til toppen