Eid kommune Oppvekst og kultur

Ledig stilling

Husvert Operahuset Nordfjord og Eid kino

Operahuset Nordfjord og Eid kino søkjer etter husvertar for fast tilsetjing frå 01.02.2019. Stillingane er på om lag 15-20 timar i månaden, knytt til kveld og helg, og let seg difor kombinere med annan jobb.

 Hovudarbeidsoppgåver:

  • sal av billettar og kioskvarer
  • tilsyn, rydding og reinhald av publikumsområde
  • gjennomføring av kinoframsyningar
  • vertskap på kino og arrangement
  • generell kundeservice og informasjon

 Vi søkjer etter ein medarbeider som:

  • er serviceinnstilt, påliteleg og utadvendt
  • er fleksibel, løysingsorientert og har gode samarbeidsevner
  • er vand til å jobbe sjølvstendig
  • har gode norskkunnskapar

Løn etter kommunale vilkår i samsvar med utdanning og erfaring.

Eid kommune har 6 månadar prøvetid.

For meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med Janne Mari Hjelle på tlf 970 96 997 eller Helga Didrikke Sundal på tlf 958 89 159. Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lagt ved søknaden.  Du søkjer ved å bruke lenkje du finn i denne annonsen. 

Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Søknadsfristen er 20.01.2019.

 

 

Del på:
Fylke:
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Ved behov
Arbeidstid:
Helg
Kveld
Søknadsfrist:
20.01.2019
Tiltreding:
01.02.2019
Arbeidsstad:
Eid kommune
Tilbake til toppen