Eid kommune Oppvekst og kultur

Ledig stilling

Konsulent/førstekonsulent i kulturavdelinga

Eid kommune søkjer etter konsulent/førstekonsulent i kulturavdelinga i heil, fast stilling frå hausten 2017.

Stillinga er organisert under kultursjefen i Eid kommune. Arbeidsstad vil vere Operahuset Nordfjord. Kulturavdelinga omfattar Operahuset Nordfjord, Eid kino, Eid bibliotek, kulturskulen og kulturadministrasjonen i Eid. Operahuset Nordfjord er Noregs andre operahus, eit kulturelt fyrtårn midt i Nordfjord i Sogn og Fjordane. Med meir enn 70.000 besøkande i året, er operahuset ein variert, spennande og dynamisk arbeidsplass der gode opplevingar og møte med menneske står sentralt. Operahuset er samlokalisert med Eid vidaregåande skule  og er ein yrande møteplass året rundt.

Vi søkjer etter ein medarbeidar som kan føre vidare dei gode resultata vi har hatt på Eid kino dei siste åra, og som kan medverke til å skape gode arrangement i Operahuset Nordfjord.

Arbeidsoppgåver:

  • Dagleg drift av Eid kino
  • Sakshandsaming og administrative oppgåver
  • Organisering og gjennomføring av arrangement i Operahuset Nordfjord

Kvalifikasjonar:

  • 3-årig høgskuleutdanning innan til dømes administrasjon, kulturfag, samfunnsvitskap, marknadsføring, media og kommunikasjon
  • Erfaring med å organisere og gjennomføre kulturarrangement
  • Kunnskap og erfaring innan marknadsføring
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner både munnleg og skriftleg
  • Er påliteleg, serviceinnstilt, sjøvstendig, godt organisert og får ting gjort

 Vi kan tilby:

  • Eit kreativt og godt arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Høve til å skape store opplevingar
  • Løn etter kommunale vilkår i samsvar med utdanning og erfaring
  • Gode forsikringsordningar

Den som vert tilsett må rekne med ein del kvelds- og helgearbeid.

For nærare opplysningar, ta kontakt med kultursjef Geir Holmen, tlf. 907 79 933.

Vi oppfordrar til å søkje elektronisk via lenkje i denne annonsen. Vi ber også om at relevante vitnemål og arbeidsattestar vert lasta opp saman med søknaden.

Søknadsfrist er 13.08.17.

 

Del på:
Referansenr:
2017001886
Fylke:
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Varierande arbeidstid
Søknadsfrist:
13.08.2017
Tiltreding:
01.09.2017
Arbeidsstad:
Eid kommune
Kontaktpersonar:
Geir Holmen
mob: 907 79 933

Tilbake til toppen