Eid kommune Helse og omsorg

Ledig stilling

Fagleiar for demensavdeling og dagtilbod ved Hogatunet bu- og behandlingssenter

Eid kommune har ledig stilling som fagleiar for demensavdeling og dagtilbod ved Hogatunet bu- og behandlingssenter frå 01.09.17. Stillinga er organisert under avdelingsleiar for Hogatunet bu- og behandlingssenter. Hogatunet nyttar årsarbeidsplan i bemanningsplanlegginga.

Hogatunet bu- og behandlingssenter er ein ny og moderne sjukeheim og behandlingssenter på Nordfjordeid som opna i april 2017. Hogatunet satsar sterkt på velferdsteknologi. Senteret har til saman fem avdelingar med ti plassar i kvar avdeling. Kvar avdeling har eige kjøken og stove. Huset rommar i tillegg hovudkjøken, dagsenter, frisør, lege- og tannlegeteneste, fysioterapi  og ergoterapi. Det er per i dag  55 årsverk ved Hogatunet. Hogatunet bu- og behandlingssenter skal vere eit godt butilbod med god tenestekvalitet.

Fagleiaren vil få det daglege ansvaret for demensavdelinga med 20 brukarar og dagtilbod med 25 brukarar. Fagleiaren vil vere del av leiarteamet ved Hogatunet.

 Oppgåver:

  • Dagleg, fagleg ansvar og oppfølging av demensavdelingane og dagtilbodet
  • Dagleg ansvar for inn- og utskrivingsprosessar
  • Dagleg oppfølging og rettleiing når det gjeld dokumentasjon gjennom IPLOS og PROFIL
  • Dagleg ajourhald av ressursstyring (RS) og arbeid i plan
  • Dagleg oppfølging og rettleiing av nytilsette, studentar, elevar og lærlingar
  • Dagleg ansvar for arbeidsbok og dagsplanar
  • Dagleg ansvar for at rutinar vert følgde
  • Dagleg vikarbooking
  • Dagleg personaloppfølging etter avtale med avdelingsleiar

  Kvalifikasjonar:

  • Offentleg godkjend sjukepleiar
  • Leiarerfaring eller motivasjon til å vere leiar
  • God rolle-, system- og organisasjonsforståing
  • Er oppdatert på nasjonale mål og på relevant lov- og avtaleverk
  • Kan tileigne seg og nytte erfarings- og forskingsbasert kunnskap
  • Har gode strategiske og analytiske evner
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner både munnleg og skriftleg
  • God relasjonell kompetanse og evne til å skape lagånd og godt samarbeid

Vi kan tilby:

  • Høve til å forme framtidas helse- og omsorgstenester i Eid kommune
  • Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit godt arbeids- og fagmiljø
  • I utgangspunkt dagarbeidstid, men helgearbeid kan bli aktuelt
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Løn etter avtale

Vi gjer merksam på at det kan verte intern tilsetjing på grunn av førerett.

For nærare opplysningar, ta kontakt med kommunalsjef Kari Krogh på tlf 480 09 393 eller organisasjonssjef Ingunn Rotihaug på tlf 970 010 87.

Vi oppfordrar til å søkje elektronisk via lenkje i denne annonsen. Vi ber også om at relevante vitnemål og arbeidsattestar vert lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.

Søknadsfrist er 20.08.17.

Del på:
Referansenr:
2017001833
Fylke:
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
20.08.2017
Tiltreding:
01.09.2017
Arbeidsstad:
Eid kommune
Kontaktpersonar:
Ingunn Rotihaug
mob: 970 01 087

Kari Krogh
mob: 480 09 393

Tilbake til toppen