Eid kommune Helse og omsorg

Ledig stilling

Fagleiar for fellestenester ved Hogatunet bu- og behandlingssenter

Eid kommune har ledig heil, fast stilling som fagleiar for fellestenester i helse- og omsorg frå 01.09.17.

Stillinga vil vere plassert ved det nye Hogatunet bu- og behandlingssenter som opna i april 2017. Det nye senteret inneheld 5 avdelingar med eigne stover, kjøken, matstove, treningsrom og har 52 plassar. Her er pasientheisar i alle rom og godt utbygd velferdsteknologi.

Helse- og omsorgstenestene i Eid kommune er under omorganisering og som ein del av dette ser ein behov for å opprette ei ny stilling mellom anna knytt til administrasjon av kjøken, matombringing, reinhald/hygiene, innkjøp av kle og forbruksvarer. Stillinga vil vere svært sentral for god og effektiv drift ved Hogatunet bu- og behandlingssenter.

Oppgåver:

  • Drift av hovudkjøken og distribusjonskjøken i einingane og organisering av matombringing saman med frivillige
  • Delegert personaloppfølging av kjøkenpersonell og ansvar for turnus ved kjøken
  • Kontaktperson mot teknisk avdeling, vaktmesterteneste og reinhaldskoordinator i forhold til reinhaldsrutinar, innmelding av driftssaker, organisering og dokumentasjon av til dømes vernerundar og brannrutinar
  • System for reinhald av arbeidstøy, innkjøp av forbruksmateriell og forvaltar av lager. Kontaktperson mot leverandørar og arbeid med anbod.
  • Ulike administrative oppgåver etter arbeidsfordeling i leiarteamet
  • Medverke til samordning på tvers av fleire avdelingar
  • Arbeidet vil omfatte både planlegging og utføring av praktiske oppgåver. Den nye fagleiaren vil vere del av leiarteamet ved Hogatunet bu- og behandlingssenter saman med avdelingsleiar, assisterande avdelingsleiar og fagleiarar.

Kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning på høgskulenivå som til dømes husøkonom, hotellfagskule, innkjøp, logistikk eller tilsvarande
  • Erfaring frå liknande arbeid ved til dømes institusjon, hotell, kantine, sjukehus eller oljeplattform
  • Gode samarbeidsevner og god kommunikasjon skriftleg og munnleg
  • Sjølvstendig og strukturert – likar å sette ting i system
  • Flink til å planlegge og organisere
  • Trivast med å arbeide saman med andre mot eit felles mål
  • Personlege eigenskapar og evne til å ta initiativ vert vektlagd
  • Den som vert tilsett kan sjølv vere med på å forme den nye stillinga

Vi kan tilby:

  • Høve til å forme framtidas helse- og omsorgstenester i Eid kommune
  • Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit godt arbeids- og fagmiljø
  • Dagarbeidstid
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Løn etter avtale

For nærare opplysningar, ta kontakt med kommunalsjef Kari Krogh på tlf 480 09 393 eller organisasjonssjef Ingunn Rotihaug på tlf 970 010 87.

Vi oppfordrar til å søkje elektronisk via lenkje i denne annonsen. Vi ber også om at relevante vitnemål og arbeidsattestar vert lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.

Søknadsfrist er 20.08.17.

Del på:
Referansenr:
2017001834
Fylke:
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
20.08.2017
Tiltreding:
01.09.2017
Arbeidsstad:
Eid kommune
Kontaktpersonar:
Ingunn Rotihaug
mob: 970 01 087

Kari Krogh
mob: 480 09 393

Tilbake til toppen