Eid kommune Helse og omsorg

Ledig stilling

Assisterande avdelingsleiar ved Hogatunet bu- og behandlingssenter

Eid kommune har ledig heil, fast stilling som assisterande avdelingsleiar ved Hogatunet bu- og behandlingssenter frå 01.09.17. Stillinga er organisert under avdelingsleiar for Hogatunet bu- og behandlingssenter. Hogatunet nyttar årsarbeidsplan i bemanningsplanlegginga.

Hogatunet bu- og behandlingssenter er ein ny og moderne sjukeheim og behandlingssenter på Nordfjordeid som opna i april 2017. Hogatunet satsar sterkt på velferdsteknologi. Senteret har til saman fem avdelingar med ti plassar i kvar avdeling. Kvar avdeling har eige kjøken og stove. Huset rommar i tillegg hovudkjøken, dagsenter, frisør, lege- og tannlegeteneste, fysioterapi  og ergoterapi. Det er per i dag  55 årsverk ved Hogatunet. Hogatunet bu- og behandlingssenter skal vere eit godt butilbod med god tenestekvalitet.

Helse- og omsorgstenestene i Eid kommune er under omorganisering. Som ein del av dette ønskjer vi å styrkje leiinga ved dei store avdelingane . Vi søkjer etter ein assisterande avdelingsleiar som saman med avdelingsleiar, fagleiarar og andre tilsette skal løfte helse- og omsorgstenestene. Målet er å sikre god samhandling med brukarar, pårørande, spesialisthelseteneste og andre kommunale tenestetilbod.

Oppgåver:

  • Delegerte leiaroppgåver etter nærare avtale med avdelingsleiar
  • Særleg ansvar for å sikre dagleg drift ved Hogatunet
  • Særleg ansvar for å utvikle kvalitetsystem og arbeide med kvalitetsutvikling
  • Særleg ansvar for dagleg bruk av fagsystem og gode dokumentasjonsrutiner
  • Særleg ansvar for å etablere system for opplæring, rettleiing og kompetanseutvikling
  • Særleg ansvar for lærlingar og studentar
  • Særleg ansvar for sakshandsaming og koordineringstiltak internt og mellom avdelingane
  • Medansvar for å etablere ein god samarbeidskultur der ein lærer ilag
  • Medansvar for omdømmebygging, informasjon og kommunikasjon

Kvalifikasjonar:

  • Relevant helsefagleg utdanning på universitets- eller høgskulenivå
  • Leiarutdanning, leiarerfaring og motivasjon til å vere leiar. Dersom ein leiar utan formell leiarutdanning vert tilset, vil det vere forventa at ein gjennomfører leiarutdanning
  • God rolle-, system- og organisasjonsforståing
  • Er oppdatert på nasjonale mål og på relevant lov- og avtaleverk
  • Kan tileigne seg og nytte erfarings- og forskingsbasert kunnskap
  • Har gode strategiske og analytiske evner
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner både munnleg og skriftleg
  • God relasjonell kompetanse  og evne til å skape lagånd og godt samarbeid

Vi kan tilby:

  • Høve til å forme framtidas helse- og omsorgstenester i Eid kommune
  • Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit godt arbeids- og fagmiljø
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Dagarbeidstid
  • Løn etter avtale

For nærare opplysningar, ta kontakt med kommunalsjef Kari Krogh på tlf 480 09 393 eller organisasjonssjef Ingunn Rotihaug på tlf 970 010 87.

Vi oppfordrar til å søkje elektronisk via lenkje i denne annonsen. Vi ber også om at relevante vitnemål og arbeidsattestar vert lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.

Søknadsfrist er 20.08.17.

Del på:
Referansenr:
2017001836
Fylke:
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
20.08.2017
Tiltreding:
01.09.2017
Arbeidsstad:
Eid kommune
Kontaktpersonar:
Ingunn Rotihaug
mob: 970 01 087

Kari Krogh
mob: 480 09 393

Tilbake til toppen