Eid kommune Helse og omsorg

Ledig stilling

Avdelingsleiar ved Hogatunet bu- og behandlingssenter

Eid kommune søkjer etter avdelingsleiar i heil fast stilling ved Hogatunet bu- og behandlingssenter frå 01.09.17. Stillinga er organisert under kommunalsjef for helse og omsorg og vil ha støtte frå stabsavdelingar for økonomi og organisasjon. Hogatunet nyttar årsarbeidsplan i bemanningsplanlegginga.

Hogatunet bu- og behandlingssenter er ein ny og moderne sjukeheim og behandlingssenter på Nordfjordeid som opna i april 2017. Hogatunet satsar sterkt på velferdsteknologi. Senteret har til saman fem avdelingar med ti plassar i kvar avdeling. Kvar avdeling har eige kjøken og stove. Huset rommar i tillegg hovudkjøken, dagsenter, frisør, lege- og tannlegeteneste, fysioterapi  og ergoterapi. Det er per i dag 55 årsverk ved Hogatunet. Hogatunet bu- og behandlingssenter skal vere eit godt butilbod med god tenestekvalitet.

Vi søkjer etter ein utviklingsorientert avdelingsleiar som saman med assisterande avdelingsleiar, fagleiarar og andre tilsette skal løfte helse- og omsorgstenestene i Eid kommune og sikre god samhandling med brukarar, pårørande, spesialisthelseteneste og andre kommunale tenestetilbod.

Oppgåver:

  • Ansvar for å utvikle eit fagleg godt tilbod til tenestemottakarane
  • Ansvar for å drive gode utviklings-, forbetrings- og endringsprosessar
  • Ansvar for å etablere ein god samarbeidskultur der ein lærer ilag
  • Ansvar for gode system for rettleiing og kompetanseheving
  • Ansvar for rekrutteringsarbeid og bemanningsplanar
  • Ansvar for tverrfagleg samarbeid og samhandling internt og eksternt
  • Ansvar for omdømmebygging, informasjon og kommunikasjon
  • Ansvar for budsjett, økonomi og personal

Kvalifikasjonar:

  • Relevant helsefagleg utdanning på universitets- eller høgskulenivå
  • Master i leiing, leiarerfaring og motivasjon til å vere leiar. Dersom ein leiar utan master i leiing vert tilsett, er det forventa at dette vert gjennomført.
  • God rolle-, system- og organisasjonsforståing
  • Er oppdatert på nasjonale mål og på relevant lov- og avtaleverk
  • Kan tileigne seg og nytte erfarings- og forskingsbasert kunnskap
  • Har gode strategiske og analytiske evner
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner både munnleg og skriftleg
  • God relasjonell kompetanse og evne til å skape lagånd og godt samarbeid 

Vi kan tilby:

  • Høve til å forme framtidas helse- og omsorgstenester i Eid kommune
  • Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit godt arbeids- og fagmiljø
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Løn etter avtale

For nærare opplysningar, ta kontakt med kommunalsjef Kari Krogh på tlf 480 09 393 eller organisasjonssjef Ingunn Rotihaug på tlf. 970 010 87.

Vi ber om at du søkjer elektronisk via lenkje i denne annonsen. Vi ber også om at relevante vitnemål og arbeidsattestar vert lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.

Søknadsfrist er 20.08.17.

Del på:
Referansenr:
2017001835
Fylke:
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
20.08.2017
Tiltreding:
01.09.2017
Arbeidsstad:
Eid kommune
Kontaktpersonar:
Ingunn Rotihaug
mob: 970 01 087

Kari Krogh
mob: 480 09 393

Tilbake til toppen