Eid kommune Helse og omsorg

Ledige stillingar

Kommunale-/interkommunale psykologstillingar

Kommunale-/interkommunale psykologstillingar ledige frå 01.08.17

100% fast stilling i Eid kommune, evt. overgang til interkommunalt samarbeid frå 01.01.18. Eit interkommunalt samarbeid er med atterhald om politisk vedtak. Politisk handsaming i kommunane i mai/juni 2017.

50% interkommunal engasjementstilling frå 01.08.17, og som evt. går over til fast interkommunal stilling frå 01.01.18. Tilsetting i denne stillinga er med atterhald om at kommunane får psykologtilskot, som det er søkt om.

Det interkommunale samarbeidet omfattar kommunane Eid, Stryn, Vågsøy, Bremanger, Selje og Gloppen. Eid er vertskommune, og psykologane vil ha sin base der, men må rekne med mykje ambulant arbeid ute i dei aktuelle kommunane.

Stillingane er organiserte i stab til rådmann i Eid kommune og skal fungere som eit tenesteovergripande tilbod.

Kommunepsykologtilbodet i Nordfjord har eit førbyggjande fokus, i hovudsak retta mot barn/ unge og deira familiar. Arbeidsoppgåvene vil t.d. vere deltaking i tverrfaglege fora, samarbeid/drøftingar og rettleiing i blant anna skular, barnehagar, helsestasjonar, barnevern og flyktningtenester, både i enkeltsaker og på tema/system. I tillegg vil det inngå informasjonsarbeid/ undervisning om psykisk helse, samt deltaking i relevant planarbeid. 

Kvalifikasjonar:

  • Psykolog, gjerne spesialist i samfunnspsykologi eller barne/ungdomspsykologi.
  • Gode samarbeidsevner
  • Personlege eigenskapar
  • Kontekstuell kompetanse og evne til skriftleg og munnleg formidling vil bli vektlagt.

 Kommunen kan tilby:

  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikingsordningar
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Gode moglegheiter for å påverke, skape og utvikle den interkommunale psykologrolla

For meir informasjon om stillingane, ta gjerne kontakt med kommunalsjef Kari Krogh, tlf 480 09 393 / kari.krogh@eid.kommune.no. Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lagt ved søknaden. 
Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Du søkjer ved å bruke lenkje som du finn i denne annonsen.

Utvida søknadsfrist: 18.08.17.

Del på:
Referansenr:
17/1168
Fylke:
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
18.08.2017
Tiltreding:
01.09.2017
Arbeidsstad:
Eid kommune
Kontaktpersonar:
Kari Krogh
mob: 480 09 393

Tilbake til toppen